
Duck Amuck
Duck Amuck er ein kort animasjonsfilm frå Disney-legenda Chuck Jones, som står bak ei rekke av dei korte animasjonsfilmane frå denne perioden.
Daffy Duck må her gjere sitt beste i å tilpasse seg slumpane som animatøren utfører. Dette er ein leik med formatet, og ein film som gjer oss oppmerksam på prosessen bak ein animasjonsfilm, men også moglegheitene.
Det er fornøyeleg, men ikkje stort meir.
Leiken med animasjonen gir langt større begeistring for Jack D. Phillips på The Zoom Film Blog (thezoomfilmblog.blogspot.com). Han meiner filmen kombinerer noko uventa med den velkjende frustrasjonen til Daffy Duck, og at dette gjer både forma og komikken sterkare. Eg ser også kor oppfinnsamt det er gjort. Men ideen og dei stadige endringane blir ikkje i seg sjølve nok til at eg opplever dette som noko meir enn ei fornøyeleg kort stund.
