
Duck Soup
Groucho Marx blir leiaren av Freedonia og må handtere spionane Chico Marx og Harpo Marx frå nabolandet.
Ikkje all vitsane er artige, men det er fleire fulltreffarar enn bommertar her. Det er mange gode replikkar. Margaret Dumont er målet for mange av Groucho Marx sin nedsettande kommentarar.
Høgdepunktet i filmen er det stumme innslaget der Groucho Marx og Harpo Marx ser på kvarandre i etterlikninga av ein spegel. Det er så bra at det er eit minneverdig innslag på tvers av alle komediar eg har sett.
Ulikt fleire av dei andre Marx-filmane, så blir ikkje denne tynga av musikalske mellomspel. Song- og dansenummeret når det blir erklært kring i Sylvania er heller festleg.
Flyten er også eit fortrinn for Drew Martin på Drew Martin Writes (drewmartinwrites.wordpress.com). Han meiner historia bind saman replikkane og dei visuelle påfunna, slik at dei ikkje berre blir lause innslag. Det er lett å forstå gleda over heilskapen, sjølv om eg ikkje ler av alt. Når filmen held seg så kort og går vidare med nye idear, får dei beste stundene rikeleg plass utan å bli tynte ut.
Med ei speletid på mindre enn 70 minuttar så varer filmen iallfall ikkje for lenge.
