
Dude, Where's My Car?
Dude, Where’s My Car? er ein slik film der alt kan skje, og oftast gjer det. Det seg om to stoner-kompisar som vaknar opp utan å vite kvar verken bil er, eller kva som har skjedd i forkant.
Vegen mot bilen er merkelege episodar, gløymde minne som gradvis dukkar opp og rare folk. Heile filmen er tullete. Dum og absurd. Dialogen varierer frå å gi høgdepunkt til berre å forvirre.
Det er ikkje ei solid historie. Det er mest eit bakteppe for å vise to artige karakterar finne på rare ting. Ashton Kutcher og Seann William Scott held trass alt tak i filmen og får mykje ut av eit tynt manus.
Men eg kan like det. Og eg lo faktisk høgt nokre gonger.
Brian J. Sumner på Dude, What?! (dudewhatpod.com) meiner filmen jagar vitsar utan å bygge ei historie som får oss til å bry oss om dei to kompisane. For han blir det så dumt at komikken sluttar å fungere. Eg er meir mottakeleg for den absurde retninga. Det tynne manuset er tydeleg, men Ashton Kutcher og Seann William Scott gir meg nok å le av likevel. Me treng ikkje vere usamde om svakheitene for å få ulikt utbyte av tøyset.
