Ein livslang draum om å bli buktalar blir endeleg oppfylt då Steven (Adrien Brody) nærmar seg 30. Når han omsider mistar jobben, bestemmer han seg for å satse på hobbyen i jobbsamanheng.
Dummy handlar om ein dysfunksjonell familie som dessverre ikkje skil seg særleg ut som komisk eller tankevekkande. Den sløve Steven går i veggen ved å bli eit sløvt følge, så det er ei lette å ha ein meir samansett karakter i kjærleiksinteressa hans som er Lorena (Vera Farmiga). Og meir svart komikk i delvis sosialt tilbakeståande Fangora (Milla Jovovich).
Dummy er fin, litt morosam, men òg anonym.