
Dune
Dune er ein solid science fiction-film sett til eit detaljert og spennande univers. Det er ein storfilm, men som framleis gir rom til fantasien å fylle ut dei delane som ikkje blir vist eller snakka om. Tempoet er behageleg, men gjer ikkje filmen kjedeleg. Spesialeffektane er der for å bygge opp rundt historia, først og fremst. Det er iallfall gjort på den måten at det ikkje står i vegen for historieforteljinga. Eg gler meg til oppfølgaren.
Eddie på Jordan and Eddie (jordanandeddie.com) meiner filmen gjer det tette universet tilgjengeleg også for nye sjåarar. Han trekker fram at både dei små møta og dei store oppgjera fungerer, og sit framleis med lyst på meir etter to og ein halv time. Det siste kjenner eg meg igjen i. Eg likar tempoet og får lyst til å bli verande i denne verda.
