Eg kan tenke meg til fleire måtar å opne dette innlegget på, men går for den informative måten. Som at denne filmen er kjent som Turkish Star Wars, eller meir korrekt The Man Who Saves the World. Han er tyrkiskprodusert og hentar inspirasjon og materiale frå Star Wars, musikk frå Indiana Jones og refererer til Dracula, zombiefilmar og kampsportfilmar.
Filmen er i tillegg til å vere full av romskipkampar henta frå Star Wars (og blåst opp til 4:3 frå anamorphic), mykje prega av anna materiale frå naturkatastrofar og eksplosjonar.
Ein vond mann, som gjerne kan bli samanlikna med Darth Vader siden me først er innpå Star Wars, prøver å ta over verda, galaksen eller verdsrommet – det er litt uklart kva han eigentleg er på jakt etter.
Heltane våre, Murat og Ali, skal drepe denne skurka, som kallar seg The Magician. Grunnen til at eg bruker engelsk namn og engelsk i sitatet er fordi filmen ganske enkelt var teksta på engelsk.
Eg trur vegen mellom å like og mislike denne filmen er kort, men eg kan sei med ein gong at dette var kos, tyrkisk kos. Ikkje minst replikkane, men også slåstinga, synet på kvinner, talane om religion og spesialeffektane – det er kos å sjå på.
Filmen er ikkje meint å vere ein komedie, men har den uhøgtidelege måten å føre dialog på som eg først og fremst forbind med Han Solo og Indiana Jones. Spesielt Murat og Ali har nokon gode samtalar om deira talent for å sjekke damer. Dette er med på å løyse opp stemninga, og gjer at eg ikkje berre ler av alt som er dårleg. For dårleg er det i grunn mykje av, spesielt i produksjonen, her kunne Kunt Films ha budsjettert litt høgare.