Hopp til hovedinnhold
Plakat for East of Eden (1955)

East of Eden

Film
4

For å ta det kronologisk etter utgjeving starta eg med gjennombrotfilmen til James Dean, og den einaste han sjølv fekk oppleve suksessen av mens han levde.

Basert på siste tredjedel av boka til John Steinbeck omhandlar denne ein familie på to søner og ein far. Hovudrolla er tildelt James Dean som spelar den vonde av dei to sønene, skjønt vond er ei overdriving, han er berre litt vill av seg.

Filmen sit djupt og gjer inntrykk, James Dean imponerer stort og gjer i stor grad filmen til sin. Det flottaste med filmen er at sjølv om karakterane til ei viss grad blir fortalt verbalt kva dei skal stå for, er dei meir tredimensjonale enn som så og lever sine eigne liv. Eit nydeleg drama, absolutt å anbefale!

Det er mykje uro i samspelet mellom far og son. På The Ace Black Movie Blog (theaceblackblog.com) blir scenene mellom James Dean og Raymond Massey trekte fram som særleg ladde, og hovudpersonen blir skildra som ein tankefull utanforståande som prøver å finne plassen sin. Det stemmer godt med at eg ikkje opplever han som berre den vonde sonen. Rollene rommar meir enn merkelappane familien gir dei.