Hopp til hovedinnhold
Plakat for Easy A (2010)

Easy A

Film
4

Det er ei stund sidan eg skreiv førre innlegg på Filmdagbok. No som eg prøver meg igjen, får hjernen brått for seg at han må komme opp med dei beste metaforane og referansane for å skildre filmen. Men eg innser at det aldri har vore den sterke sida mi. Det eg kan, trur eg, er å vere direkte å få fram ei ærleg meining. Om ikkje alltid godt nok grunngjeven, så i det minste mi.

Easy A er ein film av typen eg likar best, ungdomskomedie. Ein blandingssjanger eg til tider har vore opphengt i. Kort oppsummert, Easy A var ein film eg såg fram til, og låg godt an til å like.

Emma Stone som ei smart, ung jente som har evne til å ta seg sjølv uhøgtideleg og slenge rundt seg med faenskap, er heller ikkje feil. I utgangspunktet ryddig og skuleorientert, tar hennar karakter Olive steget mot det verre, tilsynelatande. Ved eit uhell spreiar ho eit rykte om seg sjølv på skulen, men i staden for å prøve å stoppe rykte ser ho sitt snitt i å bygge vidare på det.

Olive er jenta som forstår seg på folk, kan kontrollere og snurre folk rundt fingrane sine, men som aldri blir ein ufyseleg Mean Girls-aktig Lindsay Lohan. For at skal filmen fungere for folket, og oppfylle sjangerstempelet sitt, er han nøydd til å ha eit godt hjarte og ei slags kjærleikshistorie. Sistnemnde er veldig tona ned i omtrent heile filmen, men dei små historiene på tvers av den raude tråden heng saman og bidrar til at slutten verken kjem som ei overrasking eller verkar heilt usannsynlig.

Easy A både prøver og lykkast i å vere ein hyllest til gullalderen for tenåringsfilmane. Referansane er tydeleg på alle måtar, frå bruk av filmklipp, til snakking om filmane og nytolking av filmklippa. Det er ingenting i vegen med dette, for Easy A gjer eit stort nummer ut av ei uskyldig lita sak der det aldri er tvil om at det kvinnelege midtpunktet vil komme godt ut av det.

Brian S. på At the Movies with Billy and Brian (atthemovieswithbillyandbrian.wordpress.com) meiner filmen ikkje finn opp ungdomskomedien på nytt, men vinn på skarpe replikkar og gode komiske prestasjonar. Han rosar særleg Emma Stone for å meistre både tørr sarkasme og fysisk humor. Det er nettopp ein slik hovudperson denne typen film treng. Olive kan leike med ryktet sitt og vere smartare enn situasjonen, utan at eg mistar lysta til å heie på henne.

Og i vanleg stil her på Filmdagbok rundar eg kjapt av, med ei enkel kortfatting av det eg har skrive, som er at Easy A er god.