Hopp til hovedinnhold
Plakat for El Camino: A Breaking Bad Movie (2019)

El Camino: A Breaking Bad Movie

Film
4

Meir enn ein film opplever eg El Camino: A Breaking Bad Movie som ein epilog og forlenga episode av serien Breaking Bad. Kor me følger karakteren Jesse Pinkman etter serien sette sitt punktum.

Det er med dette utgangspunktet eg har rangert filmen. Prøver eg å vurdere han som ein sjølvstendig film, noko eg ikkje vil kunne fordi eg er farga av å ha sett Breaking Bad, så kan det gå i retning av å bli eit spørsmålsteikn. Til kva dette er.

Det eg ser på dette som er ei avslutting. Og det ei verdig ei. I løpet av to timar tar serieskaparen Vince Gillian seg god tid til å fortelje om dei mange hindera Jesse Pinkman møter på i søken om å endeleg bli fri frå historikken som følger han.

Ikkje alle meiner Jesse ber desse to timane like godt. By Ken Levine (kenlevine.blogspot.com) rosar skodespelet og gjennomføringa, men saknar andre handlingstrådar og synest filmen blir for lang. Eg opplever nettopp plassen Jesse får som ein styrke. Serien kunne halde sitt eige fokus, medan denne epilogen gir rom til å avslutte historia hans.

Om alt dette skulle ha blitt fortalt mot slutten av Breaking Bad, så måtte serien ha gitt ein del ekstra plass til denne karakteren. Og serien måtte enten ha blitt forlenga eller gitt avkall på anna. I tillegg ville nok serien ha mista fokus og ikkje enda opp så god som han var.

Denne filmen er ikkje nødvendig å sjå for å ha fått maks ut av Breaking Bad, men eg tykker heller ikkje han verkar unødvendig som eit tillegg. Snarare tvert i mot.