Hopp til hovedinnhold
Plakat for El Conde (2023)

El Conde

Film
3

Ein moderne film i svart og kvitt laga i Argentina. Som handlar om den tidlegare diktatoren i landet, Augusto Pinochet, og det at han eigentleg var ein vampyr.

Til å vere den type film som tek ein figur frå verkelegheita og lagar ein kva dersom-opplegg rundt dette, så er han ganske så nedtona.

Det krev litt å omstille seg til ein litt annleis film som El Conde er. Han har ikkje ei utprega kunstnarisk framstilling, men det er ikkje langt i frå. For min del blir det kanskje litt for tregt på eit vis, men det handlar vel om at eg for tida ser langt meir tilgjengelege hovudstraumsfilmar.

Ei meir kritisk vurdering finn eg på Never Felt Better (neverfeltbetter.wordpress.com). Skribenten rosar svart-kvitt-fotografiet, men meiner vampyrideen blir for einsformig til å bere ein heil film. Det gir ei anna forklaring på kvifor filmen kan kjennast treg. Eg er open for at mi eiga tilvenjing til meir tilgjengelege filmar spelar inn, men det er interessant at ein annan sjåar òg slit med å få meir ut av premisset.

Så det beste eg kan skrive for no, er at eg set pris på å sjå litt annleis filmar i blant. Men eg at diverre er ute av trening til å kunne sette meir pris på El Conde enn som ein kuriositet.