
El Dorado
John Wayne spelar ein pistolmann som kjem til byen El Dorado, men vel å ikkje ta oppdraget han er tilbode å utføre i byen. Ein gammal kjenning gir han informasjon som får han til å takke nei til oppdraget. Det viser seg at ein ufin mann med stor innverknad vil presse ein familie frå eigedommen deira på grunn av tilgongen deira til vatn.
Dette er byrjinga av filmen El Dorado, som er ein to timar lang western om ferda til Cole Thornton til byen El Dorado, ut av byen, og tilbake igjen. Beste måten å skildre gangen i filmen på er å seie at det er ein film med fleire kapittel og mindre historiar som heng saman til heilskapen, og bygger opp til ein dramatisk slutt.
Det er ein underhaldande film og ei rik oppleving, men i blant litt saktegåande og ikkje heilt topp på å nå fram med dei alvorlege stundene. Litt som Cole Thronton er ein solid og stabil mann som held ut, er filmen det same.
Alvoret blir opplevd som meir vellukka på Bad Movies for Bad People (badmoviesforbadpeople.wordpress.com). Skribenten meiner filmen formidlar ære og lojalitet gjennom handlingane til karakterane, særleg forsøket på å hjelpe sheriffen tilbake på rett spor. Humoren får derimot kritikk for svak timing. Eg synest ikkje alt alvoret når heilt fram, men denne lesinga viser kva som bind dei mange kapitla saman.
