El Topo - Filmdagbok

El Topo 1970

El Topo er den snodigaste westernfilmen eg nokon gong har sett. Han toppar tilogmed Fah talai jone.

El Topo har blitt kategorisert som syrewestern, og er ein film som er regissert av Alejandro Jodorowsky, og har Alejandro Jodorowsky i hovudrolla.

Det er ikkje godt å vite kva dette eigentleg er. Er det ein bibelsk film, eller er det kunst? Er det tomt og provoserande, eller fullt av meining og djupn?

Det er innslag her av scener som både forbløffar meg, gjer meg nesten ukomfortabel og imponerer meg. Det er litt av alt, eller eigentleg ganske mykje av alt.

Å gå vidare inn på handlinga blir både vanskeleg og meiningslaust. Men El Topo kan grovt sett bli delt opp i to, sjølv om han vidare er delt i fleire kapittel med tekstplakatar undervegs. Det er først del kor mannen skal duellere mot gode pistolmenn, for å få tittelen som den beste av dei. Så er det andre del kor mannen skal grave ein tunnel inn til ei grotte, for å sleppe laus dei som bur der.

Eg held på å kjede meg, men blir alltid gripen av nye og rare innslag. Så El Topo er absolutt ein film rik på inntrykk, og kan godt bli sett på grunn av det. Det er ikkje ein western i tradisjonell forstand, men kanskje mest på overflata og i uttrykket.

Skal eg nemne nokon filmskaparar som kan vere med på å gi ei inntrykk av kva denne filmen er ei blanding av, så gjekk tankane til blant andre John Waters, David Lynch og Federico Fellini.

Noko vidare kjem eg ikkje. El Topo er for snodig til å formidle vidare. Eg veit ikkje om eg likte han eller ikkje eingong. På eit vis er eg glad for å ha sett han då, for han minnar meg om dei mange rare filmane filminteressa mi har ført meg til opp gjennom åra.