
Election
Sideways frå 2004 er ein av mine favorittfilmar, Alexander Payne som står bak han står også bak Election som eg har sett nyleg.
I Election møter me Matthew Broderick som high school-historielærar, ein jobb godaste Jim, som rolla hans går under, likar svært godt. Reese Witherspoon er eleven du elskar å hate, men også kan beundre på avstand. Ho har få venner, men er ein goal getter som ingen andre, og den einaste eleven som ser ut til å stille til val som studentrådsleiar. Heilt til Jim får det for seg at den skada QB1 frå fotballaget, spelt av Chris Klein, kan stille for å gi ho ekte motstand. Grunngivinga til valet er frå Jim si side reint personlege, noko som gjer det heile betre.
Både Matthew Broderick og Reese Witherspoon er i sine ess i denne filmen. Matthew Broderick har den der smart tapartingen over seg som han er veldig god til å få fram. Hjelpelaus er han kanskje og når han gjer ting som kjennest rettferdig er det ikkje alltid rett.
Alexander Payne er flink til å behandle slike mannsroller i filmane sine, eg kjenner igjen mange trekk som går igjen i Sideways og kosar meg med det. Kvinnerollene er like eins, sett på med delvis forakt og elsk, framstilt meir nøytralt via kamera enn gjennom auga til mannsrolla i hovudsete.
Election er ein dramakomedie av ypparste slag. Han er stort sett morosam heile vegen, men har heile tida alvoret liggande ved. Dette er for å tilføre meir meining bak filmen kan du sei. Utfallet handlinga vil ha er viktig nok, men trekk aldri tankane vekk i frå handlinga undervegs.
Den moralske nedturen til læraren er noko av det mest morosame på The Good, the Bad and the Critic (goodbadcritic.blogspot.com). Omtalen meiner tematikken går djupt utan å stå i vegen for humoren, og set både Matthew Broderick og Reese Witherspoon særs høgt. Det er nettopp den blandinga eg likar. Me kan forstå korleis Jim grunngir vala sine, samtidig som filmen gjer det stadig vanskelegare å godta at han har rett.
