Hopp til hovedinnhold
Plakat for Electrick Children (2012)

Electrick Children

Film
2

Ei ung jente frå eit fundamentalistisk mormonsk samfunn blir gravid, og legg ut på søken etter faren.

Jenta er forstyrra og prega av å ha vakse opp i miljø full av irrasjonalitet. På overflata framstår ho som eit uskyldig menneske som er lett å like. Gjennom tankane hennar blir me kjent med ei jente som trur at grunnen til at ho er blitt gravid er som følger av kontakt med gud via musikk.

Electrick Children er stort sett passiv. Det er engasjerande innimellom, men det blir fort ikkje. Eg kunne tenkt meg meir problematisering, større involvering på eit personleg plan eller noko anna.

Rob Arnott på Reflections (reflectionsonfilm.wordpress.com) finn ei fin sanseoppleving i bilda og musikken, men saknar fokus og meining i manuset. Han meiner dei flotte inntrykka får for lite innhald å kvile på. Det er mykje av den same avstanden eg kjenner. Eg får nokre interessante glimt av ei merkeleg ferd, men skulle gjerne komme nærare jenta og det ho opplever, framfor berre å følge henne vidare.