
Elektra
Kva var det som skjedde no? Dette er spørsmålet eg spurte meg sjølv når rulleteksten kom. Eg trur svaret er så enkelt som ingenting spesielt. For her var det berre slåstscener klipt i hel og eit par søte kvinner i ein elles tam film.
Men filmen kjeda meg ikkje. Eg såg på klokka berre ein gong i løpet av filmen. Det er ikkje det verste eg har sett. Men det er langt i frå å vere det beste heller.
Shawn Lunn på TV Lover (shawnlunn2002.blogspot.com) meiner Jennifer Garner gjer det ho kan, men at manuset ikkje gir henne ei god nok historie. Han opplever filmen som ein dårleg presentasjon av ein figur han likte betre i Daredevil. Eg blir ikkje direkte plaga av å sjå han, men sit òg att med lite. Det er fullt mogleg å halde merksemda gjennom ein heil actionfilm utan at han dermed har gitt hovudpersonen eller publikum noko særleg.
