
Elf
Elf har sidan han kom ut har fått kultstatus i enkelte kretsar. Utan å gå meir inn på det kan eg lett trekke parallellar med mitt eige forhold til filmen. I utgangspunktet synest eg Elf var banal og dum, men har dei siste åra fått meir sansen for filmen.
Elf er framleis ein enkel film, med eit enkelt bodskap og enkle sjeler. Men Will Ferrell har gått får C-lista til A-lista mi, og er ein komikar med eit uttrykk eg ler av både i dei gode og dårlege filmane. Elf har også ei fin kjærleikshistorie. Ho er rett nok blotta for truverd, men så er resten av filmen, så det er gjennomgåande.
Det beste med filmen er komedien, resten er mykje dill og dall. Det overpynta preget til filmen har likevel ein plass i alven den overdrivne haldninga til Buddy om alt som er jul. Og i tillegg er heller ikkje musikken verst, og bidrar til god stemning.
Tom Gillespie på The Wrath of Blog (the-wrath-of-blog.blogspot.com) venta seg også noko dumt og slitsamt, men blei overraska over kor morosam og sjarmerande filmen er. Han meiner Will Ferrell får brukt barnlegheita si godt, sjølv med ei velkjend historie rundt. Det er mykje av endringa i mitt eige forhold til filmen også. Når eg først har sansen for denne komikaren, blir det enklare å godta både det enkle bodskapet og all julepynten.
