Elf - Filmdagbok

Elf 2003

Elf har sidan han kom ut har fått kultstatus i enkelte kretsar. Utan å gå meir inn på det kan eg lett trekke parallellar med mitt eige forhold til filmen. I utgangspunktet synst eg Elf var banal og dum, men har dei siste åra fått meir sansen for filmen.

Elf er framleis ein enkel film, med eit enkelt bodskap og enkle sjeler. Men Will Ferrell har gått får C-lista til A-lista mi, og er ein komikar med eit uttrykk eg ler av både i dei gode og dårlege filmane. Elf har også ei fin kjærleikshistorie. Ho er rett nok blotta for truverd, men så er resten av filmen, så det er gjennomgåande.

Det beste med filmen er komedien, resten er mykje dill og dall. Det overpynta preget til filmen har likevel ein plass i alven den overdrivne haldninga til Buddy om alt som er jul. Og i tillegg er heller ikkje musikken verst, og bidrar til god stemning.