Emma. - Filmdagbok

Emma. 2020

Emma. med Anya Taylor-Joy frå 2020 var ein film eg hadde forventingar til. Både som ei filmatisering av ein Jane Austen-roman, men og i lys av den tidlegare og gode filmatiseringa Emma frå 1996.

Emma er ei ung kvinne som bur med far sin i ein herskapeleg bygning. Ho har ikkje gifta seg endå, noko ho har sine meiningar og grunnar til. Men ho likar å bruke tida på å føre andre saman, rett og slett ei real Kirsten Giftekniv.

Dette er ein god film av di han har gode karakterar med kjemi. Filmen har ein stil som vitnar om nøye gjennomtenkt planlegging av det visuelle. Det er akkurat passe kunstnarisk utan å bli kaldt og fjernt. Den raude tråden i filmen er tydeleg. Det går ikkje altfor fort fram, men eg var førebudd på at filmen ikkje skulle forhaste seg. Eg set pris på filmar som gir seg sjølv god tid til å fortelje historia, men dei må sjølvsagt vere godt laga for å ikkje bli kjedelege heller. Og her lukkast Emma.

Utover det er det vanskeleg å skrive så mykje om filmen på eit overordna plan. Eg let meg stadig underhalde av Johnny Flynn i filmar, som er både ein svært dyktig musikar samtidig som han ofte spelar litt komiske karakterar. Bill Nighy går godt inn i rolla som hypokondarfaren til Emma, og Anya Taylor-Joy ber elles filmen godt på skuldrene sine.