Hopp til hovedinnhold
Plakat for En affære (2018)

En affære

Film
2

Den norske filmen En affære er ein som formidlar noko vondt og desperat, og som problematiserer alder og maktposisjon i dette.

Ei kvinne som er lærar, innleiar eit forhold med ein elev som har vist interesse for ho. Det framstår aldri som spennande eller erotisk, men går fort til å bli ein ubehageleg situasjon å følge vidare med på.

Eg trur at kombinasjonen av ubehag, og at filmen aldri når eit klimaks eller rundar av på nokon god måte, er det som veg tyngst i kritikken eg kan komme med om filmen.

Ubehaget blir vurdert annleis av Psykopati og kjærlighet (psykopati.blogg.no). Skribenten finn skildringa av Anitas aukande besettelse og desperasjon både vond og truverdig, og anbefaler filmen på det grunnlaget. Eg kjenner att det vonde, men får mindre igjen for det som drama. Ei oppleving kan vere ubehageleg utan at ho dermed blir særleg engasjerande.