En affære - Filmdagbok

En affære 2018

Den norske filmen En affære er ein som formidlar noko vondt og desperat, og som problematiserer alder og maktposisjon i dette.

Ei kvinne som er lærar, innleiar eit forhold med ein elev som har vist interesse for ho. Det framstår aldri som spennande eller erotisk, men går fort til å bli ein ubehageleg situasjon å følge vidare med på.

Eg trur at kombinasjonen av ubehag, og at filmen aldri når eit klimaks eller rundar av på nokon god måte, er det som veg tyngst i kritikken eg kan komme med om filmen.