End of Days kan seiast å vere den ultimate Arnold Schwarzenegger-filmen. I den forstand at dette er filmen kor Arnold Schwarzenegger spelar rolla med dei fleste trekka og dialogane som mange forbind med skodespelarkarrieren hans. Dette gjorde meg interessert, i tillegg til eit mål om å sjå alle filmane han har ei sentral rolle i, eit mål som ligg nokså nærme i skrivande stund.
End of Days er ein film om kyrkja, djevelen, tusenårskifte og undergangen til verda. Arnold Schwarzenegger spelar ei livvakt med ei trist fortid, som i løpet av filmen endar opp med å verna ei ung kvinne som djevelen skal lage barn med i løpet av den siste timen i tusenåret, for å la verda gå under.
Det er mykje religiøst svada mellom linjene, og eg skriv like godt med ein gong at slutten var eit altruistisk symbol og dermed ytst grufull i mine auge. Eg legg aldri skjul på i mine innlegg at eg verken er religiøs eller altruistisk, men held fakta og rasjonalitet høgt, meiner individet er viktig og likar filmar som har ein helt som gjer noko betre, også for seg sjølv. Altså scorar ikkje End of Days så høgt hjå meg i denne gata.
Det filmen derimot scorar på er Arnold Schwarzenegger-faktor. Det er nok action og nok halvdårleg, morosamt, men rart nok også truverdig skodespel frå Arnold Schwarzenegger si side at dette er verdt sin tid i underhaldning. Det å plassere Arnold Schwarzenegger på ein skala er altså ikkje lett. For meg er han ein skodespelar viss karakternamn i ein film ikkje betyr noko. Det finst mange skodespelarar av denne typen, og det blir stadig fleire når du ser filmar fordi ein skodespelar er med. Ergo følger det med nokon konnotasjonar knytt til han som gir filmen ein ekstra dimensjon, og som er med på å løfte End of Days.
Det høyres ut som dette er ein tynn sak basert på mitt einsretta skryt, og elles kritikk. Eg vil derfor få med som ein sluttnote, men ikkje er mindre utan verdi, at filmen har ei god historie og mange andre gode skodespelarar og karakterar. Gabriel Byrne som djevelen gjer ein god jobb. Han er ein av dei skodespelarane viss gode prestasjonar har opna auga mine for han i løpet av åra, og som det tok lang tid før eg lærte namnet på, men kunne spele mykje ulikt.