Hopp til hovedinnhold
Plakat for Enemy of the State (1998)

Enemy of the State

Film
3

Underhaldande, men skrudd handling om ein som veit om noko han ikkje skal. Det fører til ei rekke spennande jaktscener der han er heldig og slepp unna.

Karakterane er på sitt beste eindimensjonale stereotypar. Det største problemet er kva dei har gjort med Will Smith. Han er ein svart mann som på lik linje med rolla i Men in Black ikkje har peiling på teknologi. Han overlever fordi han er gatesmart.

Artig spenningsfilm, men ikkje så mykje meir.

Noah Gittell på Good Eye (noahgittell.substack.com) meiner filmen er meir oppteken av å verke tøff enn av å utforske personane og dei politiske spørsmåla. Han finn spenning, men synest rolla til Will Smith blir for enkel. Det liknar noko av det eg reagerer på. Jaktene har underhaldningsverdi, men det er lite under overflata når hovudpersonen først og fremst må vere uskuldig og smart nok til å sleppe unna. Då blir dette meir action enn eit drama å gruble vidare over.