
Enola Holmes
Enola Holmes er den mykje yngre søstera til Sherlock Holmes. Ho er smart, og har blitt lært opp til så mangt av mora. Så forsvinn mora ein dag, og kvardagen til Enola snus opp ned. Den frie oppveksta blir skrenka inn, og ho rømmer for å finne mora. Det er ein passe spennande, lett og kvikk film. Han når ikkje dei største høgdene, men er god nok og stort sett underhaldande. Det er berre eit eller anna ved han som ikkje klaffar heilt. Kanskje det er noko med meg og Netflix, og tidlegare opplevingar av Netflix-lanserte filmar.
Kanskje ligg noko av avstanden i kven filmen vender seg til. Skribenten på Oh! That Film Blog (ohthatfilmblog.wordpress.com) likar den kvikke tonen og Millie Bobby Brown, men meiner mysteriet er litt enkelt for eit vaksent publikum. Som tolvåring ville filmen gjort langt større inntrykk, skriv ho. Det er ein interessant tanke om det som ikkje heilt klaffar for meg, sjølv om eg ikkje veit om alderen er forklaringa.
