Hopp til hovedinnhold
Plakat for Enough (2002)

Enough

Film
3

Ein film om å forsvinne. Me følger Slim (Jennifer Lopez). Etter nokre år kjem det sanne ansiktet til ektemannen fram. Og det er dårleg.

Filmen er enkel og passe føreseieleg. Men han klarar å halde på stemninga og spenninga. Eit par vendingar og nokre scener med høg puls gjer at det skil seg sånn passe ut i mengda.

Det som òg hevar Enough frå mengda er at hovudpersonen tek styringa sjølv. Her handlar det ikkje berre om å rømme og skjule seg. Det gir filmen litt ekstra.

Billy Campbell er god på å spele den dårlege mannen. Jennifer Lopez er kurant, men ikkje på sitt beste.

Enough går litt opp i liminga nokre stader og det er mange lette løysingar. Men som underhaldning ein kveld så fungerer det godt.

Kent Williams finn òg ei form for tilfredsstilling i hemnen på Isthmus (isthmus.com). Han er langt meir kritisk til manus og skodespel enn eg er, og opplever ikkje filmen som ei realistisk skildring av vald i eit ekteskap. Det eg set pris på, er nettopp at Slim tek styringa. Som thriller fungerer den vendinga for meg, sjølv om historia vel enkle løysingar.