Hopp til hovedinnhold
Plakat for Ensemble, c'est tout (2007)

Ensemble, c'est tout

Film
3

Ein fransk film med Audrey Tautou, Guillaume Canet og Laurent Stocker. Om Camille som blir sjuk og flytter inn hjå naboen, der romkameraten er ein sur kokk. Så blir bestemora til kokken sjuk, og formar eit vennskap med Camille. Camille ønsker at ho også skal flytte inn. Etter kvar blir kokken og Camille venner. Naboen stammar, og lærer å ikkje stamme, og blir ein betre person av at Camille har flytta inn. Og sånn går filmen.

Ensemble, c'est tout er ein film om naboar, vennskap, stress, økonomi, familie og kjærleik. Ei blanding av det meste, og det er fransk. Det gjer eit eller anna med filmane for min del, kanskje meir eksotisk, eller kanskje blir det nærare røynda, enn det amerikanske filmar blir. Kanskje er det fordi eg har sett mindre fransk film.

Ensemble, c'est tout er ikkje filmen som utmerker seg som best, og har imponert mest, men det er ein fin film med ei god historie. Stort sett likar eg han, men eg blir litt lei innimellom. Det er vel det meste og beste eg kan seie om filmen.

Fabien Reyre på Critikat (critikat.com) meiner også skodespelarane gir personane nok liv til at ein trur på dei. Han saknar likevel meir av Philibert etter kvart som det vanlegare kjærleiksdramaet tek over. Det er ei innvending som passar med mi eiga avmålte glede. Eg likar selskapet, men filmen er mest interessant når dei ulike personlegdommane får plass, framfor at historia skal gå dit eg ventar.

Filmen heiter elles Hunting and Gathering på engelsk.