Entourage - Filmdagbok

Entourage 2015

Blir det sagt at ein serie på HBO går til filmen, så er det ein reell sjanse for at det kan skje. Med Entourage skjedde det, og her er vi, fire år etter serien blei avslutta.

Dette er som å sjå vidare på serien. Mitt utgangspunkt er med serien bak meg, så som ei sjølvstendig greie har eg ingen aning om korleis dette fungerer. Kanskje ikkje så bra, men definitivt ok som ein film som gir ei god kjensle. Når eg samanliknar det med serien er fordi dette er som å sjå ein sesong, komprimert ned til tre og ein halv episode. Handlinga, miljøet og folka er om film, film og filmfolk.

Sentrert rundt ei høgbudsjettsak av og med Vincent Chase (Adrian Grenier) er det mykje som står på spel for både han og Ari Gold (Jeremy Piven). Men dette er berre eit bakteppe for det personlege dramaet som Entourage er. Og ikkje minst komedien. Det er ein lun komedie. Litt på kanten, men aldri provoserande av noko slag. Mest ei lystig stemning og uhøgtideleg erting. Den store latteren klarar ikkje filmen å mane fram. Men eg er likevel godt nøgd.

Det er vanskeleg å gi ein karakter til ein film som Entourage. Det er kjekt mens det pågår, sjølv om eg må øydelegga litt ved å sei at dei siste minuttane var tåpelege. Men det er mest kjekt som ei forlenging av serien, og til ettertanke og tanke undervegs er det lite substans og mest mimring. Ikkje godt nok til å score høgt, men likevel ein solid sak, og ei anbefaling til dei som likte serien.