I animasjonsfilmen Epic blir me introdusert for eit samfunn med menneskeliknande skapningar som er på storleik med insekt, som bur i skogen. Dei held seg i skjul for menneske, og rører seg så fort at dei ikkje blir sett.
Desse skapningane må kjempe ein kamp mot tilsvarande store skapningar som prøver å øydelegge skogen. I tillegg er dei i ferd med å få ei ny dronning, og er i ein sårbar tilstand.
Ei ung menneskekvinne dukkar opp i historia og blir på utruleg vis krympa ned til same storleik som bladfolket, som dei blir kalla. Og ho blir med på eventyret som skjer med å bevare skogen, finne ny dronning, og oppleve ei heilt ny verd.
Epic er ein fargerik og fantasifull film med lun humor og tydelege skurkar. Eg likar at det byggjer på ein ide om ei uoppdaga verd som er rett framfor nasen på menneske, og korleis dei formidlar forholdet mellom bladfolk og menneske. Det er med på å gi historia til Epic ein tydeleg plass, som skil seg ut frå rein fantasi, til å bli noko å kunne relatere meir til. Samtidig appellerer det til eventyr- og oppdagarlysta.
Eg lét meg underhalde av fengande historie, sprek animasjon, god komedie og spennande fantasi.