Hopp til hovedinnhold
Plakat for Eraserhead (1977)

Eraserhead

Film
2

Han er spesiell, og eg vil også seie sær, samt altfor snodig for min del. Eg kan i grunn forstå at nokon vil like han for det, og det er ein David Lynch-film, så det er heller inga overrasking.

For meg var ikkje dette rette tingen. Eg tenkte med gru tilbake på då eg såg Pi, og den rare, nesten ekle stemninga eg fekk der.

Daniel Mumby på Three Men on a Blog (threemenonablog.blogspot.com) meiner lyddesignet og det nedbrotne industrilandskapet skaper ei sterk kjensle av framandgjering. Han opplever dette som meisterleg, medan eg først og fremst får den ubehagelege stemninga for tett på meg. Det er kanskje nettopp der skiljet går. Eg treng ikkje meine at David Lynch har mislykkast for å kjenne at dette ikkje er noko eg ønsker å vere i, eller å sjå meir av.