Escape from Alcatraz - Filmdagbok

Escape from Alcatraz 1979

Historia om Frank Morris og brørne John og Clarence Anglin som rømmer frå fengselsøya Alcatraz i 1960 er henta frå ei sakprosabok av J. Campbell Bruce og gjort om til denne fengselfilmen med Clint Eastwood i hovudrolla som Morris. Mannen blir overflytta frå eit fengsel i Atlanta for forsøk på rømming, og tenker å gjere eit nytt forsøk frå høgsikkertheitsfengselet på denne vesle øya lokalisert i San Francisco Bay.

Filmen er ganske så rett fram. Han legg aldri skjul på kva som vil skje, noko som filmtittelen er det beste eksempelet på. Grunnen til at alt er så openbert er måten spenningen er bygd opp på. Når Morris jobbar med noko muffens i cella si og vakta nærmar seg, så er det god margin for han til og med når han er nærast ved å bli avslørt. Dette gjer filmen litt tam for meg no like etter å ha sett første sesong av Prison Break. På ei anna side er filmen kanskje meir realistisk, iallfall førestiller eg meg det at det ville vore enklare å rømt på denne måten i 1960 enn måten det blir gjort på i Prison Break i 2005. Det er vel like greit å avslutte samanlikninga med dette.

Uansett er Escape from Alcatraz ein god film, likevel om eg kan finne ting som er betre med andre filmar så serverer denne nok spenning til at det er ein fornøyelse å sjå på. Lite dialog er ikkje så nøye, for det er i periodar med stille at filmen er interessant. Og for ordens skuld, Mythbusters testa flåtemetoden som blir brukt i filmen, og han fekk godkjent.