Hopp til hovedinnhold
Plakat for Escape from Fort Bravo (1953)

Escape from Fort Bravo

Film
3

Handlinga i Escape from Fort Bravo er sett til tida for den amerikanske borgarkrigen. Ei gruppe fangar planlegg å flykte frå eit fort. Samstundes på fortet kjem ei kvinne, Carla Forester (Eleanor Parker) på besøk for å vere med i bryllaupet til ei vennine.

Kaptein Roper (William Holden) er hovudpersonen me følger. Han er ein tøff, men korrekt type og god på å hente inn igjen fangar som forsøker å rømme. Når Carla dukkar opp får han eit godt augo til ho. I område rundt fortet herjar også fiendtlege indianarar.

Filmen er regissert av John Sturges. Kinematografien står Robert Surtees, han er verdt å nemne då filmen ser veldig bra ut.

Escape from Fort Bravo har ei spanande blanding av action og romantikk. Nokre delar av handlinga strekker seg litt vel ut i tid. Eg likte særleg korleis William Holden klarer å gi djupn til den relativt enkle karakteren sin, og det gjer filmen verd å sjå for dei som set pris på klassiske westernforteljingar.

William Holden får òg mykje ros på Rosie’s Chronicles (rosiep1932.blogspot.com). RosieP meiner han balanserer det nådelause ved kaptein Roper med intelligens, vidd og lidenskap. Omtalen er langt meir begeistra for filmen enn eg er, men akkurat her kjenner eg meg att. Det er ikkje berre flukta og kampane som held interessa oppe. Det er menneska som gir den velkjende westernramma litt meir tyngde.