
Escape Room
Grøssar- og thrillerfilmen Escape Room er basert på spelkonseptet der du blir låst inne i eit rom, og må finne spor og løyser gåter og utfordringar for å komme deg ut av rommet.
Det handlar i korte trekk om ei gruppe folk som blir spesielt invitert til å delta i eit nytt og vanskeleg escape room. Med tanke på sjangeren, og ei stadfesting me får i opningssekvensen av filmen, så er dette meir enn uskuldig leik. Dette vil gå på liv og død.
Eit enkelt utgangspunkt. Eg skal innrømme at eg ikkje hadde den største trua på ein film av denne typen. Men han heng godt saman. Det er ikkje som om at så mykje uventa skjer, men det er spenning undervegs som fungerer. Og det ser lekkert ut. Skodespelarane er av solid kaliber. Så filmen hamnar ikkje i kategorien over billege skrekkfilmar med dårlege ungdomsskodespelarar.
Litt av det som er moro er at filmen viser nok spor til at me kan sitte og pønske på utfordringane som sjåar også. Så det blir ikkje berre passiv underhalding.
Kor gode gåtene eigentleg er, kan me diskutere. Skribenten på Fool Fantastic (foolfantastic.com) rosar utforminga av romma og spenninga, men saknar meir oppfinnsame løysingar og vanskelege val. Eg hadde større glede av å leite etter svar saman med karakterane. Likevel er det interessant å skilje mellom rom som ser spennande ut og gåter som verkeleg utfordrar oss.
Eg har aldri deltatt i eit escape room. Dette er ein film som tar seg sjølv seriøst nok til at det dryge ikkje blir tullete. Men eg kan ikkje snakke for dei som har vore med på noko slikt.
