
Ett ärligt liv
Tja, kva skal ein skrive om denne her filmen då. Ett ärligt liv er eit svenskt drama- og thrillerfilm om ein fyr som byrjar på jusutdanning, eigentleg kunne tenke seg å vere forfattar, og rotar seg borti ein gjeng kriminelle jamnaldringar.
Eit kurant utgangspunkt. Men så forvillar filmen seg borti dårleg historieforteljing og for mykje tull om narkotika. Det verkar å vere eit tema mange filmar går i retning av, men på eit tidspunkt så blir fleire av filmane og seriane eg ser for like på dette område. I å skildre eit forfall, mangle ein opptur eller ein helt. Rett og slett å vere ei litt negativ suppe. Og det kjem ekstra fram når filmen rotar slit Ett ärligt liv gjer.
Det menneskelege kan bli borte bak eit lovande premiss. Shashikant Saurav på K-waves and Beyond (kwavesandbeyond.com) saknar ei truverdig utvikling hos Simon og meiner at dei kriminelle blir for teikneserieaktige. Han rosar bileta, men får ikkje tak på karakterane. Det er ei anna inngang til den svake historieforteljinga eg reagerer på. Utan nokon å engasjere seg i blir forfallet mest tungt å følge.
