Under Katakombefilm 2019 (K14) blei den fjerde filmen den første store oppturen for min del. Eureka handlar om ein mann som finn gull, og som lev sine eldre dagar på ei tropisk øy i lag med familien.
Todelinga av filmen er tydeleg. Første del handlar om Jack McCann (Gene Hackman) som trakkar gjennom snøen i Jeremiah Johnson-stil på jakt etter gull. Noko han har gjort i 15 år utan større hell. Det er ikkje å røpe stort at han til slutt finn gull, og omtrent der gjer filmen eit hopp i tid.
Andre del går føre seg mange år seinare. Jack McCann har kjøpt seg ei øy, fått seg kone og ei dotter som har blitt vaksen. Han er rik, men verkar ikkje lykkeleg. Når dottera finn seg ein mann, har ikkje Jack noko til overs for denne mannen.
Forutan likskapen med Jeremiah Johnson går tankane mine til filmar om andre som skapar seg ei formue og blir rike, men som tar ei negativ vending. James Dean-filmen Giant er ein av dei. Den andre blei nemnt under introduksjonen til Eureka på Katakombefilm 2019 (K14), og var There Will Be Blood. Eureka når ikkje opp til nokon av desse, men har nok av det same til å gi meg ei kjensle av at dette er ein storfilm.
I tillegg er eg glad i mykje film frå 1980-talet. Det gjeld skodespelarar, stilistiske uttrykk, verkemiddel, bruken av musikk og i Eureka sitt tilfelle eit preg av såpeopera. Det gir ein dimensjon til filmproduksjonen, samtidig som eg tykkjer at filmen evnar å gripe.