
Everyone Says I Love You
Woody Allen har gitt ut så mange filmar at det er vanskeleg å formulere seg med nye ord kvar gong. Spesielt når det er snakk om ein passe god film som Everyone Says I Love You, som heller ikkje er i toppsjiktet.
Dette er ein musikalsk romantisk komedie om ulike par i ulike situasjonar i livet. Det er for mykje å gå inn på kvar enkelt, men det er trygt å seie at det er nok som skjer her, og med eit solid ensemble skodespelarar.
Musikalvrien er det særeige ved filmen. Det er klassiske songar som blir brukt i godt gjennomtenkte situasjonar, som er med på å gi songane ny meining. Iallfall i tilfelle til filmen. Som musikal er det ingen prangande sak, men ein meir jordnær og kan du si realistisk stil. Det har sin sjarm.
Dei uperfekte songprestasjonane har slett ikkje den same sjarmen for Brian Cotnoir på Confessions of a Film Junkie (filmjunkieconfessions.blogspot.com). Han mislikar både songen, dansen og bruken av gamle melodiar, og er langt hardare mot filmen enn eg er. For meg er nettopp det lite prangande uttrykket ein del av poenget. Songane får leve som kjensler hjå desse menneska, sjølv om historia elles ikkje blir blant dei sterkaste til Woody Allen.
Som forventa er altså dette ein solid produksjon, som det oftast er frå Woody Allen og hans veletablerte team. Men historia manglar den ekstra piffen som må til for å heve filmen til høgare høgder.
