Woody Allen har gitt ut så mange filmar at det er vanskeleg å formulere seg med nye ord kvar gong. Spesielt når det er snakk om ein passe god film som Everyone Says I Love You, som heller ikkje er i toppsjiktet.
Dette er ein musikalsk romantisk komedie om ulike par i ulike situasjonar i livet. Det er for mykje å gå inn på kvar enkelt, men det er trygt å seie at det er nok som skjer her, og med eit solid ensemble skodespelarar.
Musikalvrien er det særeige ved filmen. Det er klassiske songar som blir brukt i godt gjennomtenkte situasjonar, som er med på å gi songane ny meining. Iallfall i tilfelle til filmen. Som musikal er det ingen prangande sak, men ein meir jordnær og kan du si realistisk stil. Det har sin sjarm.
Som forventa er altså dette ein solid produksjon, som det oftast er frå Woody Allen og hans veletablerte team. Men historia manglar den ekstra piffen som må til for å heve filmen til høgare høgder.