
Everything Is Illuminated
Det var noko kjent med delar av musikken og stemma til Alex. Han blir spelt av Eugene Hutz, vokalist i Gogol Bordello. Bandet har gitt ut det flotte albumet Gypsy Punks: Underdog World Strike. Men eg skal ikkje gjere dette til eit innlegg om musikk, eg skal ikkje gjere det til noko særleg meir på nokon område.
Den tredje filmen i dag for min del er turen til ein amerikansk jøde gjennom Ukraina på jakt etter røtene til bestefaren. Denne jøden er spelt av Elijah Wood. Han framstår som bleik, stille og rar, og er den strake motsetninga til guiden Alex (Eugene Hutz).
Det er ein fin film, nydelege bilde, folkeleg musikk, lun humor, litt trist der det passa seg, og smårar andre stader. Store delar av filmen er snakka på ukrainsk, som passar seg til landet han går føre seg i. Her er det ingen forsøk på å gjere ting på amerikansk vis, men kanskje heller å skape ei aust-europeisk stemning i staden.
Overgangen frå den breie humoren til det alvorlege fungerer også godt for skribenten på The Flick Chick (flickchickcanada.blogspot.com). Ho meiner Liev Schreiber held flyten utan at skifta kjennest brå, og let dei vakre bileta tene forteljinga. Det utdjupar noko av det eg likar her. Filmen kan vere rar og morosam utan å stenge ute det triste, og treng ikkje velje éi stemning for å halde saman.
Eg vart litt overraska når eg så det var Liev Schreiber som stod bak filmen, ein mann som aldri har verka på meg som ein person til å regissere ein nydeleg film av dette kaliberet. Det er den første og hittil einaste filmen han har regissert, og for folk som ikkje koplar namnet har han vore med i fleire Scream-filmar og 2004-filmen The Manchurian Candidate.
