
Everything You Always Wanted to Know About Sex *But Were Afraid to Ask
Basert på ei bok av David Reuben har Woody Allen laga ein tullete kortfilmkompilasjon om seksuelle tema. Dei ulike delane varierer frå morosame til middels. Mest merkte eg meg legen som blei forelska i ein armensk fjellsau, og Dr. Frankenstein-kopien sitt feilslåtte eksperiment med ein gigantisk pupp på avvegar. Ei vitskapleg framstilling av mekanismane i kroppen under seksuelt samkvem gjorde òg inntrykk. Der er Burt Reynolds blant dei tilsette i hjernen.
Som heilskap blir dessverre kompilasjonen småkjedeleg i lengda. Woody Allen fungerer best når han leverer ei god, samanhengande handling.
Enkeltprestasjonane får større vekt hjå Simon Braund på Empire (empireonline.com). Han meiner at Gene Wilder gjer den forelska legen både absurd og merkeleg rørande, og at dei beste augeblikka veg opp for mykje som ikkje fungerer. Eg er samd i at filmen har fleire morosame innslag, men dei veg ikkje tungt nok til å halde heilskapen oppe. Her saknar eg den samanhengande historia som ofte gjer Woody Allen meir interessant.
