Everything You Always Wanted to Know About Sex *But Were Afraid to Ask - Filmdagbok

Everything You Always Wanted to Know About Sex *But Were Afraid to Ask 1972

Basert på ei bok av David Reuben har Woody Allen laga ein tullete kortfilmkompilasjon om seksuelle tema. Dei ulike delene varierer i stor grad frå morosame til middels, av det som gjorde seg mest notert var nok legen som blei forelska i ein armensk fjellsau, Dr. Frankenstein-kopien sitt feilslåtte eksperiment som resulterer i ein gigantisk pupp på avvegar og ei vitskapleg framstilling av dei indre kroppslege mekanismane knytt opp mot seksuelt samkvem, der Burt Reynolds er blant dei tilsette i hjernen.

Som heilskap blir dessverre kompilasjonen småkjedeleg i lengda. Woody Allen fungerer best når han leverer ei god, samanhengande handling.