
Everything You Want
Denne filmen er ikkje akkurat alt eg har lyst på, men har meir av det eg ikkje har lyst å sjå i ein film.
Så spørsmålet er da kvifor eg tok meg bryet med å sjå filmen, som er ein tv-film. Svaret er ganske enkelt, eg hadde tilgang til han, og Shiri Appleby spelar hovudrolla som Abby Morrison.
Shiri Appleby er ikkje kjent for så mykje meir enn serien Roswell, men har faktisk spelt i ein del filmar etter kvart. Dette er den første eg har sett av desse, og eg er ikkje imponert.
Nokon stikkord som kan gi eit hint om gangen i filmen: College. Kunstelev. Oppdikta kjærast. Ekte type. Konfrontasjon. Trist. Føreseieleg. Søt Shiri Appleby.
Det føreseielege opplegget får også hard medfart hjå David Nusair på Reel Film Reviews (reelfilm.com). Han meiner filmen overlessar historia med sære biroller og montasjar, men at Shiri Appleby og Nick Zano er betre enn materialet dei har fått. Det er eit lite lyspunkt i ei elles svak vurdering. For meg var Shiri Appleby sjølve grunnen til å sjå filmen, men heller ikkje ho gjer denne velkjende romantiske løypa særleg freistande.
