
Ewoks: The Battle for Endor
Del to av Star Wars-avspinnarane om ewokane tek opp tråden der The Ewok Adventure la han i frå seg. Han serverer meir action i form av kampar mellom bamsane med tomme plastikkauger og andre humanoide skapningar på jakt etter ei sterk kraftkjelde.
Ting eg kan like med filmen: Delar av kulissene, filmmusikken kan fungere, nokon av skapningane er animert med ein viss sjarm.
Ting eg ikkje likar: Ewokane, skodespelarane, oppbygginga, lite profesjonell slåsting.
Nokre av dei same problema blir peika på av CJ Stewart på The Viewer’s Commentary (viewerscommentary.com). Han meiner filmen er eit steg opp frå forgjengaren, særleg i kulisser og effektar, men at utviklinga til figurane skjer for brått. Det gir ei meir konkret forklaring på kvifor oppbygginga skurrar. Eg finn litt sjarm i enkelte skapningar og omgivnader, men ikkje nok til at det heile fungerer som eit godt eventyr.
Ein anna ting eg lurar på er om dette har gått på tv i Noreg nokon gong, for eg fekk kjensla av å ha sett dette før opptil fleire gonger. Spesielt når dei er i huset til Noah og i borga til humanoidane.
