Ex Machina - Filmdagbok

Ex Machina 2015

Regissør og manusforfattar Alex Garland har knallfilmane 28 Days Later… og Sunshine bak seg som manusforfattar. Med Ex Machina gjer han debuten som regissør, og det med eit brak.

Ex Machina handlar om at ein smart fyr og sjef for eit stort teknologisk selskap har forska på og utvikla ein robot med overlegen kunstig intelligens. Dette har han gjort frå sitt avsidesliggande senter, viss eksteriør er spelt inn ved Juvet landskapshotell nær Valldal i Møre og Romsdal.

Historia til filmen byrjar ved at Caleb (Domhnall Gleeson) kjem til senteret. Han er uvitande om at jobben hans blir å teste Ava, den nyaste versjonen av roboten. Nathan (Oscar Isaac) som er sjefen frå førre avsnitt følger testinga, og skal finne ut om Ava oppfører seg som eit fullverdig menneske.

Vidare handling vil eg nødig røpe, for Ex Machina er ein god film som eg heller vil anbefale enn å oppsummere. Han er akkurat passe uhyggeleg, tildekka, sensuell og science fiction. Ei god blanding når det handlar om kunstig intelligens. Den store fordelen til filmen er at han er godt laga, ting er gjennomtenkt, noko som får utløp gjennom kulisser og dialogar.