Exiled - Filmdagbok

Exiled 2006

Fong juk er stilig, ytst stilig. Bygd opp som ein typisk gammal spaghettiwestern med Clint Eastwood, sett til eit moderne Macau, består han av rolege sekvensar med lite dialog veksla med heftig skyting som kan ta pusten frå dei fleste.

Ikkje nok med det, filmen har humor og. Bisarr eller berre rar, det er ei vurderingssak. Eg tykkjer han balanserer på ei hårfin linje mellom sprø og sprøare. Opningsvis kjem eit kjempeeksempel på dette, viss du ikkje ønsker å vite noko som kan røpe ei god scene, så hoppar du over neste avsnitt.

To par våpenkyndige gangsterar møter opp for å eliminere eller redde ein mann, Wo. Etter ei dramatisk skytescene i eit umøblert rom inngår dei våpenkvile for å snakke framfor å skyte, men sidan det ikkje er plass å sitje i dette rommet, så møblerer dei like godt rommet først som sist – samt gjennomføre ei grov oppussing av skadar.

Lange rolege sekvensar kan få Fong juk, eller Exiled som han også er kjent som, til å verke lang. 100 minuttar ikkje er det verste i grunn, og regissør Johnnie To brukar dei godt på å skape ei gradvis oppbygging. Kontrastane mellom harde, blodige møte og munnspel ved leirbålet eller myntkasting for å avgjere om dei skal rømme mot høgre eller venstre i eit bilkryss, gjer dette til ein tydeleg og enkel film å følge med på. Kjedeleg blir det heller ikkje.