Det er lett å dra parallellar mellom Expelled og ein klassikar innan high school-filmane, Ferris Bueller's Day Off. Her har me ein hovudperson som både er lur og oppfinnsam, passe populær på skulen, og oppfører seg som han er konge i ei eiga verda utan særlege konsekvensar.
I motsetning til Ferris Bueller som snor seg unna med stil, tar Expelled for seg konsekvensane. Felix (Cameron Dallas) blir tatt for siste gang og blir utestengt. For at foreldra ikkje skal finne ut av det, mens han forsøker å finne ei løysing, gjer han og nokon venner omfattande innsats for å halde dette skjult.
Expelled er artig og har spenning. Det er alltid så vidt historia kan halde fram, då det å bli oppdaga berre er ei hårsbreidd unna. Det er på ingen måte ein original eller stor film, men det er blant dei meir spenstige high school-komediane siste åra.