
Explorers
Det byrjar lovande med draumar om romvesen og ei hemmeleg teikning som peikar vegen mot eit sjølvlaga romskip.
Tre gutar kastar seg ut i eventyret. Første halvdel er full av klassisk 1980-talsmagi. Han er spesielt god på vennskap og å vere open for at alt kan skje.
Men når gutane endeleg når verdsrommet og møter romvesen så er det slutt på magien. Humoren er barnslig. Det er altfor lange scener. Og det blir litt irriterande å sjå på. I staden for å halde på den gode kjensla frå starten, endar det opp i eit øydeleggande kaos.
John Kenneth Muir på Reflections on Cult Movies and Classic TV (reflectionsonfilmandtelevision.blogspot.com) meiner også filmen slit mellom to uttrykk som ikkje passar saman. Den varme draumen om å bygge sitt eige romskip blir avløyst av romvesen som serverer gamle fjernsynsreferansar. Han opplever dette som eit svik mot lovnaden i byrjinga. Eg kjenner godt att skuffinga. Reisa mot det ukjende er meir spennande enn det ukjende filmen faktisk gir oss.
Det er synd. Ei stund håpa eg at det kunne bli like bra som The Goonies eller Stand by Me. Men filmen druknar i ei avslutning som verken er spennande eller særleg underhaldande.
