Hopp til hovedinnhold
Plakat for Explosion of a Motor Car (1900)

Explosion of a Motor Car

Film
2

Explosion of a Motor Car er ei eksperimentering med klipping. Ein bil kjem køyrande nedover ei gate og stoppar. I neste augeblink er skjermen fylt av røyk, og klippet etter igjen viser mange lause bildeler som ligg strødd i gata.

Filmen er ein forgjengar på spesialeffektfronten. Sjarmerande og komisk, noko som blir understreka av ein politimann sin måte å plukke opp kroppsdelar på i ettertid.

Humoren handlar også om når ting skjer. Fritzi Kramer på Movies Silently (moviessilently.com) trekker fram korleis dei forseinka nedfalla etter eksplosjonen bygger opp forventninga til neste gag. Ho likar det leikne samspelet mellom effekten og politimannen. Det er mykje av den same sjarmen eg finn i denne vesle, makabre spøken.