F9 - Filmdagbok

F9 2021

F9 følgjer opp The Fate of the Furious som det neste kapitellet i den delen av The Fast and the Furious-franchisen som har fått tilnamnet The Fast Saga. For å skilje hovedfilmane frå avspinnarane.

Eg skal gå rett på sak. Dette er den svakaste filmen sidan franchisen si spede og svake byrjing. Eg var ikkje så stor fan av nokon av dei tre første filmane, og har rangert dei like dårleg som denne.

Kva gjer F9 til ein svak film? Det er så mangt. Men kanskje det viktigaste er eit ræl av eit manus, med ei dårleg historie som blir fortalt gjennom grusam dialog. Filmen går så langt i å overdrive at det aldri blir spennande, utelukkande middelmåtig komisk.

At store deler av filmen verkar å vere laga framfor ei blå skjerm, kor verken regissør eller skodespelarar har evna til å gi det liv, er eit anna minus. Det gir filmen eit billeg preg, sjølv om det tekniske arbeidet i seg sjølv er godt utført.

Eg får ingen kobling til nokon av skodespelarane. Dei er like distanserte som mengden sminke eller digital ansiktløftning dei har fått. Dette er hakket før alt er animert.

Eg kan tole mykje, då forventingane mine til filmane i denne franchisen aldri er høge. Men eg vil ha spenning, og eg vil ha betre karakterar. Når både Dwayne Johnson og Jason Statham glimrar med fråver, og Paul Walker aldri vil dukke opp igjen, så er ein av få ting denne filmen gjer å bevise av Vin Diesel ikkje kan bere dette på skuldrene sine med den einaste viktige historia i filmen.