Hopp til hovedinnhold
Plakat for Fa yeung nin wah (2000)

Fa yeung nin wah

Film
3

Hongkong, 1962. Herr og fru Chow flyttar inn i ny leilegheit. Herr og fru Chan flyttar inn i naboleilegheita same dag.

Omstenda gjer det sånn at herr Chow og fru Chan utviklar eit platonisk vennskap. Ei form for romanse, men ikkje eksplisitt.

Filmen baserer seg på aningar. Kjenslene står sterkare enn handlinga. Tidsomgrepet er vagt, men brukt effektivt. Det same med repetisjon, i blant med små variasjonar.

Faa yeung nin wa er ein pen og rik film. Han krev konsentrasjon, og ein kort pause øydelagde flyten for meg. Eg tenker i ettertid at denne hadde gjort seg godt på kino. Filmen heiter In the Mood for Love på engelsk.

Ashley Hajimirsadeghi på Ashley Hajimirsadeghi (ashleyhajimirsadeghi.com) trekker fram samspelet som seier mykje utan store samtalar eller openlys romantikk. For henne ligg mykje av styrken i underteksten og det visuelle. Det er nettopp denne varsemda eg likar. Kjenslene får vekse i små variasjonar og aningar, og då er det lett å skjøne kvifor eit avbrot kan øydelegge meir av opplevinga enn i ein film som stadig forklarar kva som skjer.