Edie Sedgwick var ei av superstjernene til Andy Warhol. Kanskje den mest ikoniske sett i ettertid. I Factory Girl med Guy Pearce som Andy Warhol og Sienna Miller som Edie Sedgwick følger me hennar historie frå college og gjennom tida med Andy Warhol.
Om Sienna Miller berre skulle ha klart å fange ein brøkdel av sjarmen til Edie Sedgwick, så er uansett dette eit godt livsportrett. Det viktigaste er at filmen fangar historia i grove trekk på godt vis. Det får heller vere at det ikkje er noko spennande ved forteljarmåten, Edie Sedgwick er i så måte interessant nok til at filmen kjem seg forbi dette.