Falling Inn Love - Filmdagbok

Falling Inn Love 2019

Falling Inn Love handlar om ei amerikansk kvinne som både mistar jobben og slår opp med kjærasten den same veka. Trist og utan retning i livet, går dagane i drikking og grining. Og det er i ei av desse rusa stundene ho melder seg på ein konkurranse om eit vertshus på New Zealand. Ein konkurranse ho vinn.

Dette er ei morosam og romantisk historie om å endre retning, møte nye utfordringar og bli kvitt fordommar. Det er innpakka som ein romantisk komedie, produsert av MarVista Entertainment og gitt ut av Netflix. Men kunne like gjerne ha vore ein Hallmark-produksjon, det er ein film av den typen.

Christina Milian spelar godt. Adam Demos like eins. Dei har kjemi, og filmen hastar ikkje med å gjere dei til eit par. Produksjonen er verken dårleg eller storarta. Omgivnadane er flotte med mange utandørsscener på New Zealand, og det held i massevis.

Det kokar ned til at Falling Inn Love svarar til forventningane eg fekk når eg las tittelen og såg plakaten. At filmen også leverer situasjonar eg ler av og stunder som rører. Då er alt forventar på plass.