Hopp til hovedinnhold
Plakat for Fantasia (1940)

Fantasia

Film
2

Eksperimentelt er mitt ordval i skildringa av Fantastia med eit ord. Her er bilda tilpassa musikken i stor grad, og det er rikt på fantasi og litt fantastisk.

Eg har sansen for musikken, og likar godt innslaget med Mikke og trollmannen. I resten av Fantasia må eg sei det rett ut at eg kjedar meg stort.

Fantasia er ein kollasj av kortare innslag som baserer seg på kjente musikkstykke, og viser sine visuelle tolkingar av desse. Det er dyr, blomstrar og fargar, og det er litt datert.

Eg har nok meir sansen for film med historie, og ikkje så glad i det abstrakte. Eventuelt var eg ikkje innstilt på akkurat dette, eller så glad i denne forma for abstraksjon.

Skribenten på TSorensen 1001 Movie Blog (tsorensen1001.blogspot.com) meiner filmen fungerer betre som enkelte musikkopplevingar enn som ei samanhengande filmstund. Det er ei tilnærming som gir meining for meg. Eg likar både musikken og noko av animasjonen, men får mindre glede av å sitte gjennom heile samlinga. Kanskje er det nettopp forventninga om ei historie som gjer at dei gode enkeltdelane ikkje blir nok.

Så det er nok først og fremst den litt dryge kjensla av å sitte gjennom dette som pregar meg når eg skriv no. Filmen har sine kvalitetar, og er ikkje eit dårleg handverk per se. Eg går likevel bort frå å nemne dei, for å gi meir trykk til mitt poeng.